Symre

SYMRE SKRIVER OM FIRMAET OG GÅRDEN:

Symre – på ein vakker vestlandsgard

Garden vår ligg på Voss oppunder fjellet Lønahorgi. Me er ei familiebedrift, med heile fire generasjonar som bur i same tun. Her hjelper både små og store til ved behov.

Me har grasfôra storfe av den lokale og bevaringsverdige gamalrasen Vestlandsk fjordfe, og garden vert drive etter økologiske og regenerative prinsipp. Det vil sei at me ikkje nyttar sprøytemiddel og at me arbeider aktivt for å ta vare på økosystem og eit rikt jordliv.

Me arbeider i takt med årstidene og med utgangspunkt i det garden har å by på. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret frå hovud til hale, så lagar me hudkrem av talget. Dyra våre går fritt ute på inn- og utmarksbeite store deler av året. Inne går dei fritt rundt i lausdrift og har tilgang på luftegard. Kalv og mor får vera saman. Me vil drive eit framtidsretta jordbruk på lag med klima og miljø.

Talg & ville vekstar frå utmark

Å lage hudpleie av talg er ein tradisjon som går mange hundre år tilbake i tid. Det er ein gløymt skatt i vår tid – ein ressurs me må ta vare på!

Talg av grasfôra storfe har særs lik feittsyreprofil som huda vær. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng.

I tillegg til talg inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar. Meir treng ein ikkje, og slik er det enkelt å vite kva du smører på huda di. Me haustar plantar som ryllik, raudkløver, løvetann, groblad og mynte frå inn- og utmark. I tillegg til nøye utvalde økologiske oljer av høg kvalitet

Les merShow less

Meny

Innstillinger

Trykk for flere produkter.
No products were found.