SYMRE HÅNDLAGET ANSIKTSKREM MED RAUDKLØVER, NYPEROSEGERANIUM OG ROSEGERANIUM 60 ML

Håndlaget ansiktskrem fra Symre.

Les merShow less
kr 399.00
På lager
Merke:
Beskrivelse

Ansiktskrem med raudkløver, nyperosegeranium og rosegeranium.

Produsent: Symre

Symre skiver om kremen:

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god om du har urein hud eller hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få, men gode og naturlege ingredienser:

🌸 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

🌸Uttrekk av raudkløver i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Økologisk raudkløver frå garden vår kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt.

🌸 Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.

🌸 Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.   

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar 💚

INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Trifolium Pratense Flower Extract, Pelargonium Roseum Leaf Oil, Pelargonium Grave Olens, *Citronellol, *Geraniol, *Linalool

* = Naturleg innhald i rosegeranium og geranium

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk raudkløver frå garden vår, økologisk kaldpressa nyperoseolje, rosegeranium, geranium.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML

Les merShow less
Produktdetaljer
Sist vist
16 andre produkter i samme kategori:
BABYVOTTER  MERINOULL  MINSTEMANN
-50%
Vis mer
Tilbud
kr 64.50 kr 129.00

Vottene er strikket i naturlig ull fra Petit Knit.

Garnet er produsert i Norge på Sandnes Ullvarefabrikk.

Norsk design, norskprodusert og kortreist!

Garnet som  ikke er superwashbehandlet. 

HÅNDSTRIKKET  BABYJAKKE MERINOULL  LUKAS  0 - 3 MNDR
-50%
Vis mer
Tilbud
kr 197.50 kr 395.00

SE VIDEO

Håndstrikket Jakke Lukas

Dette produktet er strikket i Petit Knit Sunday/Sandnes Garn.

Mykt garn som er lunt og behagelig på.

Ikke superwashbehandlet 

Ønsker du å kjøpe lue til jakken? Den finner du her: 

https://www.small-angels.no/hjem/198-handstrikket-lukas-lue-baby-almond-0-3-mndr.html

Meny

Innstillinger

Trykk for flere produkter.
No products were found.